Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Lemme - Oppheim

  • +47 40617700
  •  /  km From You
Overview
Details

Flott familievenleg dagstur blant stølar og fiskevatn, med utsyn over Vossabygda.

Denne turen kan gåast begge vegar, med startpunkt på Lemme eller oppheim.

Frå Lemme kan ein køyra eller gå stølsvegen til parkeringsplassen ved stølen Liaset. Stølsvegen er bratt i byrjinga, men vert slakare etter kvart. Ein følg den T-merka ruta i lett stigning til ein kryssar groa som kjem frå Krokasetvatnet. I utløpet av Krokasetvatnet kan ein sjå ein gamal steinsett demning. Denne vart opna når dei trong vatn til kvernhusa på Hefte. Ruta fortset i lett stigning til toppen av Kolingseggi 941 moh før det ber nedover att og ein kryssar stien til Helgaset. T-merkinga går så opp til Skorseteggi, først til ein topp 965 moh og så til varden som er høgaste punktet på ruta 971 moh. Her er det svært god utsikt, i alle retningar. Frå Skorseteggi går ein i lett unnabakke forbi Øyjordstjørni, ned til Øyjordstølen og vidare til Øyjordi der ein følg bilvegen til Oppheim.

Dyreliv:
Elg, hjort, rev, mår og røyskatt er dei mest vanlege dyreartane her.

Fugl: Storfugl og orrfugl er ofte å sjå. Av rovfuglar er fjellvåk mest vanleg. Er ein heldig, kan ein få auga på kongeørn og hønsehauk. I smågnagarår kan ein sjå haukugle og spurveugle.

Fisk:
Det er fisk i alle vatna langs ruta: Øyjordstjørni, Skorsetvatnet og Krokasetvatnet.

Berggrunn:
I området Oppheim – Lemme er fyllitt den dominerande bergarten. Fylitt er danna av leirrike avsetjingar under trykk på 5 kb og temperaturar rundt 400 °C (episone). I den mørke fyllitten finst ein del grafitt som er danna av organiske restar frå leirslammet.

Lengd: Ruta er 13,2 km lang og turen tek om lag 6 timer.
Stigning: 530 høgdemeter
Sesong: Juni - oktober
Vanskeligheitsgrad: Blå (moderat)
Startpunkt: Lemme eller Oppheim
Turkart referanse: Voss 1:50 000 (Ugland IT)
Merknader: Turen er T-merka. Denne turen kan gåast begge vegar. Kart får du kjøpt på turistinformasjonen i Voss sentrum.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
  • Lett
  • Middels
Landskap
  • Fjordområde
  • Skogsområde
  • Fjellområde
Årstid
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Familievennlig

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Dagsturer (5-11 timer)
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Medium
Duration
5-12 hours
Lansdscape
Mountain area
Season
Autumn
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 46' 53" N / 6° 33' 41" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad