Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Fjaler

Leonards Forlaavelse

Leonards Forlaavelse er ein høgkvalitet småskala spisestad og oppleving. Her finn du særprega matoppleving i intim og autentisk atmosfære.

Leonards Forlaavelse er ein særprega spisestad og oppleving, med eit stort utval oster og lokalmat på menyen, gardsutsal m/låvebakst, lokalmat og stor ostedisk. Du finn også interiørbutikk og brukt/antikavdeling i Intim og autentisk atmosfære. Leonards Forlaavelse har låve med allrom og kjøkken m/steinovn i fjøsen, samt hagebygg og urtehage i fjæresteinane ved Dalsfjorden.

Forlaavelsen er ein perfekt stad for ei dagsutflukt, for spanande og eksklusiv shopping, og avkopling med gode smaker i idylliske omgjevnader.

Kva Leonards Forlaavelse kan tilby

Leonards Forlaavelse har dyktige lokale samarbeidspartar på matoppeving, kultur og transport, som Mor Villrose, Rivedal, kystkulturminna Nilsbua, Hellevik kai, Lillingstonheimen på Tysse og Lone gard og transport på fjorden/veg.

Her er månadlege arrangement med matoppleving og shopping. Skreddersydde matopplevingar/spisestad og shopping etter avtale. Sjølvbetjente og døgnopne butikkar. Skreddersydde opplegg for grupper til privat- og bedriftsmarknad. Levering av frukost, lunsj-/picnickurver/suppe, nistepakker, bakst, matkurver og gaveposer på bestilling.

Menyar

Forlaavelsesbuffét, tallerkenretter med stort utval oster, skinker, spennende tilbehør og låvebakst, samt suppe.

Kor finn du Leonards Forlaavelse

Leonards Forlaavelse ligg ved Dalsfjorden. Sving av ved Nærbutikken Hellevik, køyr inn grusvegen, sving til høgre og ned bakken - så er du framme ved sjøtunet ved Dalsfjorden.

Opningstider

Leonards Forlaavelse har månadlege arrangement. Butikken er open etter avtale.

Last updated: 02/08/2024

Source: Visit FjordKysten

Leonards Forlaavelse

Sider du nylig har besøkt