Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Husnes

Levi Henriksen and The Babylon Two

Levi Henriksen and The Babylon Two

Levi Henriksen i Kulturhuset

Forfattar- og musikerlegende Levi Henriksen kjem festsalen med musikalsk litterær standup samman med sine to rockemusikare i Babylon Two.
Musikar eller forfattar?
I 2022 var det førti år sida Levi Henriksen var med på sin første plateinnspilling og 20 år sida han debuterte skjønnlitterært med «Feber», men fortsatt får han spørsmål om kva han eigentleg er, musikar eller forfattar. I fjorårets oppsummeringsbok, «La meg få vandre i min sannhet», vert det vist til eit intervju for nokre år sida der ein journalist spurte Henriksen om nettopp dette. Henriksen svarte det var umogleg å svare på. «Men hva ville du sagt» fortsatte journalisten. «Hvis noen satte en revolver mot tinningen din og ba deg velge?». «Skyt!» repliserte Henriksen.
Hans forfatterskap er høyt elsket av både publikum og kritikere, og han har mottatt en rekke priser for sine bøker. Hans siste novelle, “Som vi forlater våre skyldnere”, kom i april 2023.
Musikalsk stand up
I denne framsynga, som best kan kallast intet mindre enn musikalsk litterær standup slik du kanskje ikkje har sett det før, kjem nok ikkje Henriksen til å koma ut av skapet og ta eit klart val i så måte, men vi får høyre meir om dei 87 refusjonane, dei over 30 skjønnlitterære bøkene og dei ti plateutgivelsene. Vi får høyre meir om de mildt sagt skremmande opplevelsene som skuespiller i Bent Hamers «Hjem til jul» (basert på Henriksens «Bare mjuke pakker under treet»), og merkelappen han noko motvillig har fått som hele Norges julenovellist. Men mest av alt får vi høyre om kva som får Henriksen til å tikke både som musikar og forfattar, kvem og kva som har gjort ham til den kunstnaren han er og den lange vegen frå å vera ein liten pinsevenngut med litt for stort hode frå ei lita hillbillybygd utanfor Kongsvinger, til å bli ein av landet sin mest folkekjære forfattar og særegne rockepoet.
Rocketrio
Vanligvis turnerer Henriksen landet med Babylon Badlands, ein bredbeint rockekvintett i Tom Petty & The Heartbreakers ånd, men i kveld kjem han i selskap med trommeslagar Finn Lilleseth og bassist Morten Andreassen. Og det er neppe tilfeldig at dei kaller seg Levi Henriksen & The Babylon Two. Henriksens største helt, Johnny Cash, opptrådde i begynnelsen av sin karriere med The Tennessee Two.
Til høsten kjem Levi Henriksen & Babylon Badlands ut med sitt fjerde album «190 decibel kjærlighet», men fram til da kan man altså nyte denne nedstrippede versjonen rundt på landets scener.
Fredag 15. september kl. 19.00 i festsalen på Husnes
Dørane vert opna kl. 19.00 og konserten/framsyninga startar kl. 20.00 - Det er sal av forfriskningar og snaks

Last updated: 08/09/2023

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Levi Henriksen and The Babylon Two

Sider du nylig har besøkt