Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Seljord

Lifjell

fjell
Kart til Lifjell

Køyreavstand: Brøløs – Lakshøl: 2,9km. Lakshøl-Grimås: 8 km Bompengar: 35 kr Gangtid:Grimås-Tvitjønnan-Gråntjønn-Grimås: ca 2,5t Nivå:Middels

Køyreavstand Brøløs – Lakshøl: 2,9km. Lakshøl-Grimås: 8 km
Bompengar: 35 kr
Gangtid: Grimås-Tvitjønnan-Gråntjønn-Grimås: ca 2,5t
Nivå: Middels


Lifjell er fjellplatået mellom Seljord, Bø, Notodden og Hjartdal. Eit mogeleg utgangspunkt for fjellturar på Lifjell kan vere å starte på Grimås. I retning mot Notodden køyrer ein opp Grunningsdalsvegen til Grimås, der det er ein stor parkeringsplass. Oppstigninga gjennom bjørkeskogen på merka sti er bratt. Etterkvart kjem ein til eit stikryss der ein kan velje mellom to ruter som det er skilta til:
a) Tvitjønnan - Tjorbu
b) Bekkjestaul – Tjorbu
Ta av stien opp mot venstre der lendet etter kvart opnar seg mot dei to idylliske Tvitjønnan (to tjønnar) 999 moh og 998 moh. Deretter sti på skrå opp lia mot venstre til Gråntjønn 1048 moh. Herifrå: ope, lett fjellterreng. Den merka stien går tilbake via Bekkjestaul til Grimås.

Alternativ rute: Grimås – Tvitjønnan – Tjorbu - Røysdalane: ca 3 t. Stien frå Tjorbu opp langs bekkefaret gjennom Røysdalane via Grimaren til Grimås er delvis dårleg merka, men er ein flott tur der naturen har eit veldig høgfjellspreg.

Frå Tjorbu er det mange fine turruter i ulike retningar på Lifjell.

Kilde: Vest Telemark

Lifjell

Sider du nylig har besøkt