Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

VIKSDALEN

Likholefossen

Bli berika av den brusande Likholefossen som ligg på garden Hov i Gaular. Brua som går over fossen fører deg til Fossestien som ligg på sørsida av elva.

Opprinnelsen til namnet kjem frå nokon av dei øvste gardane i dalføret som ikkje klarte å frakte sine daude til kyrkja på ein dag, likkista blei då oppbevart under steinhelle ved fossen.

Område ved fossen har blitt eit av satsingpunkta for turistvegstatusen til riksvei 13, det er blant annet bygd ei spektakulær bru over fossen. Brua lettar òg tilkomsten til Fossestien som går på sørsida av elva.

Fossen er ein del av det verna Gaularvassdraget.

Sikkerheit nær fossen

Ver venleg å respekter at fossen representera sterke naturkrefter, som kan vere farleg. Ikkje berre er straumane sterke om du fell uti, men bakken i nærheita er ofte glatt og våt, mens klippene er bratte og høge. Hald deg til oppmerka sti. Om vinteren er det is rundt fossen, og på våren er vannstanden høg.

Korleis kome seg til fossen

Likholefossen er ein foss i Gaular, den ligg på garden Hov i Eldalsdalen på riksveg 13, Viksdalen.

Last updated: 01/31/2024

Source: Visit FjordKysten

Likholefossen

Sider du nylig har besøkt