VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Vestfold og Telemark TOKKE

Lindeviki kanocamp Telemarkskanalen

  • +47 35075656
  •  /  km From You
Overview

Etablert leirplass med toalett og område for telt.

Lindeviki er ein idyllisk leirplass for padlar på Telemarkskanalen. Her er det god plass til telt, benkar og bord, bålplass og toalett. Sommar 2020 vil det bli satt opp ein padlehuk til overnatting. Lindeviki er einaste plassen det er høve til å campe på nordsida av Bandak mellom Lårdal og Straumane i Kviteseid. Du bør halde nordsida av vatnet for å sjå den.

Lindeviki er ein gamal husmannsplass under Flekstveit. Plassen vart fråflytt i 1848. Då reiste to huslydar frå Lindeviki til Amerika. Flekstveit gjekk for å vere ein av dei største gardane i Vest-Telemark. Frå Lindeviki er det gangveg opp den bratte lia til Flekstveit. Garden ligg omlag 600 m.o.h. og var ein av Vest-Telemarks største gardar på 1700-talet. Frå Flekstveit er det fantastisk utsikt over Bandak. 

Lindevikætti er i dag ei stor ætt i Amerika.

Frå Lindeviki til Flekstveit er det om lag 3,5 km med hard stigning. Den fyrste garden du kjem til er Nigard Fleksveit. Der står framleis bygningar. Opp til Uppigard Flekstveit er det om lag 400m. Der er det ikkje att bygningar. Dei finn du på Kviteseid Bygdetun. Hit flutte dei stogebygningen, loftet, stallen, og sauefjoset. Stoga var rosemåla av Talleiv Målar.

Soga seier at rundt 1920 var det tømmerhøgst i Lindeviki og Hæge Flekstveit sprang på tresko frå Flekstveit til Lindeviki med mjølk til dei som arbeidde der. 

Tømra som stend her i dag er sett opp som tømmerhoggarkoje.  Alle bygningar frå den gong her budde folk er borte.  Den gamle buplassen låg om lag 100 m opp langs vegen til Flekstveit.

Opp på toppen og lenger sør ligg Raudbergnuten på 950m.o.h. Ein gong var det gangveg frå Lindeviki og opp - ein dryg tur. Denne vegen for dei med krætur til Uddedalen som ligg på andre sida av Raudbergnuten.

 


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages