Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Tokke

Lindeviki padlehuk og kanocamp Telemarkskanalen

Lindeviki er ein idyllisk leirplass for padlar på Telemarkskanalen med padlehuk, toalett og område for telt.

Lindeviki er ein idyllisk leirplass for padlar på Telemarkskanalen med ein flott padlehuk til overnatting. Her er det også god plass til telt, det er benkar og bord, bålplass og toalett. 

Padlehuken i Lindeviki er ein del av Padleled Vestfold og Telemark - Noregs første samanhengande padleled

Telemarkshistorier - Padle frå fjord til fjell

Lindeviki er einaste plassen det er høve til å campe på nordsida av Bandak mellom Lårdal og Straumane i Kviteseid. Du bør halde nordsida av vatnet for å sjå den.

Historia

Lindeviki er ein gamal husmannsplass under Flekstveit. Plassen vart fråflytt i 1848. Då reiste to huslydar frå Lindeviki til Amerika. Flekstveit gjekk for å vere ein av dei største gardane i Vest-Telemark. Frå Lindeviki er det gangveg opp den bratte lia til Flekstveit. Garden ligg omlag 600 m.o.h. og var ein av Vest-Telemarks største gardar på 1700-talet. Frå Flekstveit er det fantastisk utsikt over Bandak. 

Lindevikætti er i dag ei stor ætt i Amerika.

Frå Lindeviki til Flekstveit er det om lag 3,5 km med hard stigning. Den fyrste garden du kjem til er Nigard Fleksveit. Der står framleis bygningar. Opp til Uppigard Flekstveit er det om lag 400m. Der er det ikkje att bygningar. Dei finn du på Kviteseid Bygdetun. Hit flutte dei stogebygningen, loftet, stallen, og sauefjoset. Stoga var rosemåla av Talleiv Målar.

Soga seier at rundt 1920 var det tømmerhøgst i Lindeviki og Hæge Flekstveit sprang på tresko frå Flekstveit til Lindeviki med mjølk til dei som arbeidde der. 

Tømra som står her i dag er sett opp som tømmerhoggarkoje. Alle bygningar frå den gong her budde folk er borte. Den gamle buplassen låg om lag 100 m opp langs vegen til Flekstveit.

Opp på toppen og lenger sør ligg Raudbergnuten på 950m.o.h. Ein gong var det gangveg frå Lindeviki og opp - ein dryg tur. Denne vegen for dei med krætur til Uddedalen som ligg på andre sida av Raudbergnuten.


Last updated: 01/02/2024

Source: Vest Telemark

Lindeviki padlehuk og kanocamp Telemarkskanalen

Sider du nylig har besøkt