Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Valldal

Lingebakken gardsutsal i Valldal

Elida og Peje i frukthagen på Lingebakken
Ufiltrert sider skal sjekkes, snart klar for å nytes.
Lingebakken Gardsutsalg
Siderflasker på stativ, klar for å fylles med deilig sider fra Lingebakken
Ferskpressa eplemost frå Lingebakken
Fruktblomstring på Lingebakken
Bugnende frukttrær hos Lingebakken
Forfriskende epler fra Lingebakken

På Lingebakken får du kjøpt eigenprodusert sider, most og frukt, alt etter kva som er i sesong.

Nesten ytst i fruktgrenda Linge finn du garden Lingebakken. Her har det vorte produsert frukt i generasjonar, og dei siste åra har dei og sin eigen sider, som du får kjøpt direkte frå garden. Besøk gardsutsalet og la deg friste av eit stort utval av diverse:

økologisk most og sider

moreller

økologiske surkirsebær

plommer, epler og pærer (alt etter kva som er i sesong)

Sesong og åpningstider utanom sesong

I sesongen, juli til oktober, er gardsutsalet ope kvar dag frå 9 til 17.

Resten av året (November - Juni) er det stort sett sjølvbetening av dei ordinære produkta (avhengig av produksjon), gå inn og betal med Vipps. Du kan og ringe nummeret på veggen dersom det er noko. Sider (alkohol) får du berre kjøpt etter avtale.

Sidersmaking og hagevandring for grupper

Har du lyst å smake og lære meir om produkta til Lingebakken? Lingebakken tek imot grupper på hagevandring og sidersmaking. Ta kontakt for tilrettelegging, informasjon og pris.

Kva meir er det å sjå eller gjere her?

I nærheita, eller rettare sagt rett rundt svingen, ligg og den kjende jordbærbygda Valldal. Med kort veg til Gudbrandsjuvet og Trollstigen. Litt lenger innover fjorden ligg og Tafjord og Zakariasdammen.

Køyrer du andre vegen, så kan du og ta ferga over til Eidsdal og Unesco Verdsarvområdet Geiranger og ta ein båttur i Geirangerfjorden. Eller kanskje du vil vidare over til Stranda og dei flotte Sunmørsalpane?

Uansett eit eldorado av moglegheiter, så det kan sterkt anbefalast å stoppe litt ekstra opp, kanskje bli ein dag til, og nyte lokalprodusert mat og drikke.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

Lingebakken gardsutsal i Valldal

Sider du nylig har besøkt