Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Stord

Sykkelrute Litlabø, Sagvågsrunden (18 km)

Sykkelrute Litlabø, Sagvågsrunden (18 km)

Kva med ein variert rundtur der du får med deg innland og kyst? Sykkelturen Sagvågsrunden byr på dette.

Sykkelrute

Turen startar ved båthamna i Leirvik sentrum. Ta til høgre i rundkjøringa, fortsett forbi Stord folkehøgskule, der du tar mot høgre. Følg sykkelrute nr. 1 forbi Esso-stasjonen og ut av sentrum. Ruta går i svak stigning forbi Knutsaåsen Aldersheim til vegen stoppar.

Her deler vegen seg. Følg vegen som går gjennom ein undergang. Det er no grusveg. Etter det siste huset på denne vegen, går vegen slakt nedover på ein kjerreveg. Følg skilting nr. 1, og vegen kjem igjen på Gruvevegen. Passèr gamle skulen på Stuva og vidare gjennom Litlabø. Det er mange fine gardar og flott kulturlandskap langs vegen.

Etter ca 6,5 km kjem ein avkjørsel på høgre side som går til Gruvemuseet på Litlabø. Her vann dei ut svovelkis frå 1865 til 1968. Museum og fint uteområde med turløyper.

Frå Gruvemuseet syklar du vidare på gangsti langs Storavatnet. Etter ca 3 km kjem du til vegkryss i Sagvåg. Du kjem no over på vestsida av Stord. Følg sykkelskilt nr 1 mot Haugesund (til venstre) på Sagvågsvegen mot Sagvåg sentrum.

I Sagvåg sentrum er det mellom anna daglegvarebutikk. Ca 100 m frå Sagvågsvegen, til høgre før daglegvarebutikk, ligg Sagvåg kai. Her er eit fint område med benker, bord og informasjonstavle.

Følg vegen vidare frå Sagvåg sentrum mot Leirvik, og sykle på gangsti forbi skilt til Kunsthuset på Almås (avstikker 0,9 km til venstre) og litt seinare Sætravik badeplass (avstikker 1,2 km til høgre). Etter ca 3,5 km møter vegen E 39. Hald til venstre og følg skilting mot Leirvik over gangbru (som går over E39) og vidare på baksida av Heiane Storsenter. Følg blå skilting mot Leirvik forbi Langeland skule. Vegen møter Verftsvegen. Her kan du ta en avstikker ned til Aker Solutions Stord, Sunnhordland sin største industriarbeidsplass. Alternativt følg gangsti vidare mot Leirvik sentrum, langs Andedammen og ned til Stord kulturhus og båthamna igjen.

Vanskegrad: medium

Lengd: 18 km

Overflate: asfalt og grusveg nokon stader

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Sykkelrute Litlabø, Sagvågsrunden (18 km)

Sider du nylig har besøkt