Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Stord

Litlabø, Sagvågsrunden (18 km)

  •  /  km From You
Overview

Ein variert rundtur der ein får med seg innland og kyst.
Turen startar ved båthamna i Leirvik. Ta til høgre i rundkjøringa fortsett forbi Galleri Giga. Følg sykkelrute nr. 1 forbi Esso og ut av sentrum. Ruta går i svak stigning forbi Knutsaåsen Aldersheim til vegen stopper. Vegen deler seg, følg vegen som går gjennom ein undergang. Det er no grusveg. Etter det siste huset på denne vegen, går vegen slakt nedover på ein kjerreveg. Følg skilting nr. 1, og vegen kjem igjen på Gruvevegen. Passèr gamle skulen på Stuva og vidare gjennom Litlabø. Det er mange fine gardar og flott kulturlandskap langs vegen.
Etter ca 6,5 km kjem ein avkjørsel på høgre side som går til Gruvemuseet på Litlabø. Her vann dei ut svovelkis frå 1865 til 1968. Museum og fint uteområde med vandrarløype.

Frå Gruvemuseet syklar ein vidare på gangsti langs Storavatnet. Etter ca 3 km kjem ein til kryss i Sagvåg. Ein kjem no over på vestsida av Stord. Følg sykkelskilt nr 1 mot Haugesund (til venstre) på Sagvågsvegen mot Sagvåg sentrum. I Sagvåg sentrum er det daglegvarebutikk og bensinstasjon. Ca 100 m frå Sagvågsvegen, til høgre før daglegvarebutikk, ligg Sagvåg kai. Her er eit fint område med benker, bord og informasjonstavle.

Følg vegen vidare frå Sagvåg sentrum mot Leirvik, og sykle på gangsti forbi skilt til Kunsthuset på Almås (avstikker 0,9 km til venstre) og litt seinare Sætravik badeplass (avstikker 1,2 km til høgre). Etter ca 3,5 km møter vegen E 39. Hold til venstre og følg skilting mot Leirvik over gangbru (som går over E39) og vidare på baksida av Heiane Storsenter. Følg blå skilting mot Leirvik forbi Langeland skule. Vegen møter Verftsvegen. Her kan du ta en avstikker ned til Kværner Stord, Sunnhordland sin største industriarbeidsplass. Alternativt følg gangsti vidare mot Leirvik sentrum, langs Andedammen og ned til Kulturhuset og båthamna.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Stord, Norway
The latitude and longitude
59° 46' 41" N / 5° 30' 7" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad