Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sand

Litunet (Ryfylkemuseet)

  • Hylsfjorden, Suldal
  • +47 52792950
  •  /  km From You
Overview
Details

Bygdetun med vertskap om sommaren. Li ligg i Suldal kommune i Ryfylke, høgt oppe i lia på sørsida av Hylsfjorden, kring 285 meter over havet. Det særprega tunet med dei mange gamle bygningane blei freda av Riksantikvaren i 1973.


I gardstunet er det 13 bygningar frå 1700-og 1800-talet, og dei rommar mykje gammalt gjenstandsmateriale. Landskapet er eit karakteristisk vestlandsk, bratt kulturlandskap med små åkerlappar, steingjerde og rydningsrøyser. Flott utsikt!


Det har budd folk på Li like til no, men gardsdrifta er avvikla for fleire år sidan. Li fekk først bilveg i 1972. Før den tid skjedde tilkomsten anten med båt på Hylsfjorden og så gå opp den bratte vegen frå fjorden til gards, eller ved å gå frå Suldal via Tveitane.


Tilkomsten skjer no med bil frå Suldal nær Suldalsosen. Følg skilta frå riksveg 13 mot Valskår. Vegen er smal og det er få parkeringsplassar. Vegen er ikkje eigna for bubilar eller andre større bilar.

Guiding i sommarsesong, sjå nettside for meir informasjon, www.ryfylkemuseet.no.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Tilgjengelighet
  • Tilpasset bevegelseshemmede

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Strand

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering
Click to activate
Suldal, Norway
The latitude and longitude
59° 31' 59" N / 6° 25' 34" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad