VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Møre og Romsdal STRANDA

Ljøbrekka - Den Trondhjemske postveg

  •  /  km From You
Overview

Vandretur over Ljøbrekka langs delar av "Den Trondhjemske Postveg". Om du kjem frå Hellesylt køyrer du gjennom den første tunnellen i retning mot Stranda og finn parkering ved utsiktspunktet. Turvegen tek av frå hovudvegen på motsattt side og snor seg i 35 hårnålssvinger opp til Ljøsetra. Her flater terrenget noko ut, og du passerer Nykkjevatnet på nordvestsida ca 740 m.o.h. før du når rutas høgste punkt 780 m.o.h. ved Kremmarvatnet. Snart går stien i 21 hårnålsvingar ned Herdalsbrekka og på austsida av vatnet inst i Herdalsbotnet. Fin turveg i slakt terreng tek deg til hyttene og parkeringsplass ved hovudvegen i Herdalen (Strandadalen)

Historie: 

Denne ruta var ein liten del av den 800 km lange postruta mellom Bergen og Trondheim, men vart sett på som ein av dei mest krevande delane. Postberarar var ein mann frå Herdalen og ein frå Ljøen. Gjennom vinteren hende det seg at dei måtte hale seg opp og ned Herdalsbrekka ved hjelp av eit 245 meter langt tau. I 1862-63 vart ein hesteveg anlagt i Herdalsbrekka og ein kunne køyre med hesteslede. Fire år seinare vart postruta over Ljøbrekka lagt ned og dampskipa tok over posttransporten mellom Bergen og Trondheim.  

 


  • Last Updated:
  • Source: Fjord Norge AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages