Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Nordfjordeid

Ljøsuregga

Ljøsuregga
Turen starter i overkant av skoggrensa på Furuhogane (toppen av hyttefeltet) og det er parkering langs vegen fram mot servicebygget for Kjenndalsheisen. Stien opp i Kjenndalen går langs Kjenndalselva opp til Kjenndalsvatnet (805 moh) (1,5 km) og i elva er det mange flotte badekulpar. Ved Kjenndalsvatnet fylgjer ein merkinga rett forbi steinhytta (Kjenndalshytta) kor ein tek til høgre opp lia i skiltkrysset (600 m). Når ein kjem til toppen av Kjenndalsskaret (700 m) so tek ein til høgre oppover mot Ljosuregga (1,4 km). Oppstiginga er brattast halvegs kor det er ein del stor stein. Mot toppen vert det slakare og steinen mindre. Frå det flate platået på toppen er det flott utsikt i alle retningar.

På ein finversdag kan dei i god form og utan høgdeskrekk balansere på egga over mot Store Toren og klatre til topps der. Løypa ned att går via Ljosurdalen og fyrste del av nedstiginga går i steinura med retning Nordfjordtoren (1,5 km). Nede i skaret dreier løypa ned langs elva og etter kvart vert underlaget grasmark og stadig slakare terreng og tydeligare sti. Nedst i Ljosurdalen (1,1 km) kryssar ein elva der stien dreiar sørover med retning Furuhogane gjennom bjørkeskogen ned til skiltkrysset ved Ljosurelva (1,3 km). Her tar ein av frå stien til høgre, kryssar Ljosurelva og går rett vest over Kjenndalselva tilbake til parkeringsplassen på Furuhogane (250 m).

Turen passer for alle (heile familien) som er i rimeleg god form og med skikkelige fjellsko.

Kilde: Nordfjord

Ljøsuregga

Sider du nylig har besøkt