Loen

Lodalen i Stryn

  • Luftfoto av turkis islagt elv mellom snødekte skogkledde skråningar, med sprekkar og isflak i overflata i Lodalen på Lovatnet
  • Ei kvinne sett bakfrå padlar ein kano på roleg, turkis vatn mellom bratte fjell i disig sollys i Lodalen på Lovatnet..
  • Ei lita robåt flyt på turkis fjordvatn mellom bratte fjell, med skyer og speglingar i overflata..
  • Turkisblå vatn med skogkledd åsside og ei lita halvøy med gras og tre langs breidda i skugge i Lodalen..

    Lodalen er spektakulær, og dalen si dramatiske historie gjer den spesiell. Inst i dalen ligg Kjenndalsbreen, som er Jostedalsbreen sin lavaste brearm. Lenger nede ligg den sjarmerande setra Breng, som er blitt eit ynda fotomotiv.

    Lodalen ligg på vestsida av Jostedalsbreen, i Stryn. Brearmane Bødalsbreen og Kjenndalsbreen er tilgjengelege frå denne dalen. Bødalsætra er utgangspunkt for turar til Lodalskåpa ("Vestlandsdronninga") (2083 m.o.h.), og eit populært turområde.

    Dalen har ei dramatisk historie. Både i 1905 og i 1936 løsna store ras frå Ramnefjellet. Rasa førte til flodbølger som øydela Nesdalen og Bødalen, og 135 menneske mista livet. Menneska i Nordfjord vil alltid forbinde 1905 og 1936 med Lodalsulukka.

    Lovatnet får sin grøne farge fordi det innheld leirepartiklar og bergstøv som er skore ut av isbrear og ført med elvane. Isbreane knuser kontinuerlig opp bergartar og steinar. Når dette når innsjøane og fjordane, ser det grønt ut, spesielt når sola skin.

    Kilde: Nordfjord