Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Loen

Lodalen

  • +47 57874040
  •  /  km From You
Overview
Details

Lodalen er spektakulær, og dalen si dramatiske historie gjer dalen spesiell. Inst i dalen ligg Kjenndalsbreen, som er Jostedalsbreen sin lavaste brearm. Lenger nede ligg den sjarmerande setra Breng, som er blitt eit ynda fotomotiv.

Lodalen ligg på vestsida av Jostedalsbreen, i Stryn. Brearmane Bødalsbreen og Kjenndalsbreen er tilgjengelege frå denne dalen. Bødalsætra er utgongspunktet for turar til Lodalskåpa ("Vestlandsdronninga") (2083 m.o.h.), og eit populært turområde.

Dalen har også ei dramatisk historie. Både i 1905 og i 1936 løsna store ras frå Ramnefjellet. 

NRK.no: Fjellet tok bygda

Breng seter

Like ved Lovatnet ligg Breng seter. I mellomalderen var dette eigen gard, men vart seinare seter for garden Sæten. Her var det tradisjonell stølsdrift fram til kring 1950. I 1970-åra var dette miljøet i ferd med å forfalla. Takka vere stor innsats frå eigarane og offentleg støtte vart Breng seter berga.

Garden er omtala i kjelder frå 1340, 1401 og 1469. Ei segn fortel at det eine bruket vart teke av fonna og at den andre brukaren då flytte bort. Kort tid etter skal det andre bruket også ha vorte øydelagt av fonna og vassdemme frå Brengselva. Ein litt annan variant vil ha det til at Brengsfonna sopte alt på fjorden og at alle menneska omkom. Berre ein hane sat att på andre sida av vatnet. Brengsfonna kan gå voldsamt. For nokre år sidan kom fonna slik. Ho sopte over Breng og stoppa på den andre sida av vatnet om lag ein km unna. Ein kunne då gå på fonna over vatnet. Alle husa står i ei klynge sidan fonna går på alle kantar.

Det kom veg til Breng midt på 1930-talet. Før det måtte budeiene ro frå Sæten og fire km til Breng for å mjølka. Dei låg i sela og frakta mjølka heim att neste dag.  Den gamle driftsforma tok slutt kring 1950. I 1961 byrja dei med fellesdrift med 24-28 mjølkekyr. Det vart bygd ny mjølkestasjon med teknisk utstyr som må til for rasjonelt mjølkestell. Fram til 1985 var det full drift.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

General

Landscape
  • Kystområde
  • Fjordområde
  • Innsjøområde
  • Fjellområde
Season
  • Hele året
  • Sommer

Accommodation

Camping
  • Sanitæranlegg
Cottages & cabins
  • Sanitæranlegg

Outdoor Activities

Activities
  • Strand
  • Jakt og fiske
  • Svømming
  • Vannsport

Plan Your Trip

Getting here
  • Bussparkering
  • Parkering

Facts

Lansdscape
Mountain area
Click to activate
Stryn, Norway
The latitude and longitude
61° 50' 13" N / 6° 56' 11" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad