Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Loen

Lodalskåpa

Eller Vestlandsdronninga som fjellet blir kalla. Det velkjende tilnamnet til Lodalskåpa seier noko om kor majestetisk fjellet er, og kor kongeleg du vil føle deg når du står på toppen!

Turen frå Bødalssetra og opp til toppvarden på 2083 meter er ei lang, men herleg reise frå frodig beiteland til den snødekte Jostedalsbreen. Turen byr på motstand: Vér førebudd på lange motbakkar, eit godt stykke vandring på snø og is og bratt klyving opp siste delen. Frå toppen får du eit vidt utsyn over nasjonalparken og eit islandskap det knapt finst maken til.
Dette er ein spektakulær og spennande tur, og krever ein del av den som skal ta seg opp ettersom turen er lang og tidvis bratt.

Fakta om turen
* Høgde over havet: 2083 meter
* Stigning: 1500 høgdemeter
* Avstand: 9,7 kilometer

Første etappe på turen tar deg frå Bødalsseter og inn til Fessene. Her møter ein på den første av mange stigningar på turen. Stien går opp mellom 2 fossar, og gjev ein forsmak på neste stigning. Når ein er komen opp Fessene har ein ca 30 minutt med flat gange før den verkelege prøvelsen på turen dukkar opp: Brattebakken. Denne bakken tek deg 700 høgdemeter i eit strekk, og heiter ikkje brattebakken utan grunn. Idet ein kjem opp på toppen av denne bakken får ein sjå Lodalskåpa der ho ruvar høg og mektig. Dette synet gjev dei fleste ein ny giv til å fortsette vidare. Herfrå går ein eit stykke over snødekt bre, og ein må ha breutstyr for å gå vidare.

Etter at Bohrsbreen er kryssa, held turen fram opp bakken ved Ståleskaret. Her ventar ein ny bre som tar oss med vidare oppover mot toppen. Etter denne breen er det litt gåing i stein og ur før ein igjen kjem inn på ein liten bre rett før sjølve toppen. Her lurer nokre bresprekker under snøen. I det siste partiet før toppen er det bratt, og ein del klyving, men normalt sett brukar ein ikkje tau her.

Normal tidsbruk på denne turen er mellom 10-12 timar. Turen kryssar bre, og du må ha breutstyr, samt brekompetanse om du skal gå utan guide. Turen har total lengde på ca 21 km, med bratte stigningar. Du bør derfor ha turerfaring og god fysisk form.

Det anbefales ein guide for denne turen.

Last updated: 10/11/2023

Source: Nordfjord

Lodalskåpa

Sider du nylig har besøkt