Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Loen

Lodalskåpa

  • +47 57874054
  •  /  km From You
Overview
Details

Høg på bre Heilt konge på toppen av Vestlandsdronninga! Det velkjende tilnamnet til Lodalskåpa seier noko om kor majestetisk fjellet er, og kor kongeleg du vil føle deg når du står på toppen! Turen frå Bødalssetra og opp til toppvarden på 2083 meter er ei lang, men herleg reise frå frodig beiteland til den snødekte Jostedalsbreen. Turen byr på motstand: Vér førebudd på lange motbakkar, eit godt stykke vandring på snø og is og bratt klyving opp siste delen. Frå toppen får du eit vidt utsyn over nasjonalparken og eit islandskap det knapt finst maken til.  

Første etappe på turen tar deg frå Bødalsseter og inn til Fessene. Her møter ein på den første av mange stigningar på turen. Stien går opp mellom 2 fossar, og gjev ein forsmak på neste stigning. Når ein er komen opp Fessene har ein ca 30 minutt med flat gange før den verkelege prøvelsen på turen dukkar opp: Brattebakken. Denne bakken tek deg 700 høgdemeter i eit strekk, og heiter ikkje brattebakken utan grunn. Idet ein kjem opp på toppen av denne bakken får ein sjå Lodalskåpa der ho ruvar høg og mektig. Dette synet gjev dei fleste ein ny giv til å fortsette vidare. Herfrå går ein eit stykke over snødekt bre, og ein må ha breutstyr for å gå vidare. 


Etter at Bohrsbreen er kryssa, held turen fram opp bakken ved Ståleskaret. Her ventar ein ny bre som tar oss med vidare oppover mot toppen. Etter denne breen er det litt gåing i stein og ur før ein igjen kjem inn på ein liten bre rett før sjølve toppen. Her lurer nokre bresprekker under snøen. I det siste partiet før toppen er det bratt, og ein del klyving, men normalt sett brukar ein ikkje tau her.


Normal tidsbruk på denne turen er mellom 10-12 timar. Turen kryssar bre, og du må ha breutstyr, samt brekompetanse om du skal gå utan guide. Turen har total lengde på ca 21 km, med bratte stigningar. Du bør derfor ha turerfaring og god fysisk form.


Lodalskåpa er ein av fjordspor-turane - dei 20 beste vandreopplevingane i Nordfjord www.fjordspor.no


Nyttige lenker:
http://peakbook.org/peakbook-element/344/Lodalsk%C3%A5pa.html


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Ekspert
Landskap
  • Fjellområde
Årstid
  • Høst
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Vandring
Fottur
  • Dagsturer (5-11 timer)

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Utendørs parkering - mot avgift

Facts

Effort Level
Expert
Duration
5-12 hours
Lansdscape
Mountain area
Season
Summer
Click to activate
Stryn, Norway
The latitude and longitude
61° 47' 24" N / 7° 12' 14" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad