Loen
439
Loen Skylift
Sjå Loen skylift sine eigne sider.
Loen Skylift – Norges lettaste topptur. Ein spektakulær attraksjon og opplevingsarena, i Stryn, inst i Nordfjord.
Pendelbana Loen Skylift er ei av dei brattaste i verda, og løftar folk frå fjorden i Loen til fjellet Hoven (1011 moh) på fem minutt. På toppen ligg Hoven Restaurant & Bar med 350 sitjeplassar. Anlegget inngår i ein heilårs naturbasert opplevingsarena tilrettelagt for aktive utforskarar så vel som barnefamiliar. Loen Skylift og Hoven Restaurant vart opna av Dronning Sonja 20. mai 2017.
Frå fjordbygget startar oppstigninga med pendelbana til fjellet Hoven (1011 moh). Etter nokre minutt i luftig svev kjem du til Hoven Restaurant der du får eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen Nasjonalpark og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn i vest. Frå Hoven kan du oppleve høgfjellet på eiga hand i eit omfattande stinett, eller med guide. Til fots eller på ski. Mogleheitene er mange. Og etter turen fristar spektakulære Hoven Restaurant med høgfjellsmat og drikke.
I sommarhalvåret kan du utforske godt tilrettelagde vandrestiar som gjev tryggleik og energi til å oppleve høgfjellet. Her oppe kan du også prøve zipline, og kanskje til og med klatre heile vegen opp for eiga maskin i Via Ferrata Loen?
På vinterstid kan du boltre deg på ski, truger eller på kjelke i dei preparerte akebakkane. Toppturentusiastane sparar 1000 høgdemeter og kan starte på høgfjellet med friske bein. Du kan også gå tur i preparerte vandreløyper, og om snøforholda tillet det blir det køyrt opp langrennspor.
Ei gamal segn seier at fjellet Hoven har namnet sitt etter Odin sin hest Sleipner, som på tur over fjellet slo hoven sin borti og etterlet seg det kraftige avtrykket i fjellsida som er så tydeleg å sjå i dag. Ingen veit om det er heilt sant, men det som er heilt sikkert, er at utsikta her oppe er like mektig og magisk no som før. Forskjellen er at no er ho tilgjengeleg for absolutt alle - ikkje berre gamle gudar og spreke fjellfolk.
Last updated: 09/14/2023
Source: Nordfjord
Loen Skylift