Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Lom

Lom bryggeri | Mikrobryggeri og pub i Lom

Bestill
Lom bryggeripub
Lom bryggeri_Ove Nestvold
Lom bryggeri_OVE NESTVOLD
20170511-_OVE NESTVOLD 3262-edit_HQ-1
Lom bryggeri- Ove Nestvold
Lom bryggeri-lokale råvarer
Logo Lom bryggeri

Lom bryggeri produserer øl under merkevara Lomb - i det som tidlegare var låven på driftsbygninga i Grjotheim i Lom. Her er det òg bryggeripub.

Lom bryggeri produserer øl under merkevara Lomb. Det er dei to initiativtakarane Olav Grjotheim og Ola Gjeilo som står bak mikrobryggjeriet som vart etablert i 2016.

Frå fyrste stund har det vore stor etterspurnad etter ølet, og karane jobbar på spreng for å klare å produsere nok. Per dags dato har dei 11 sortar øl på marknaden, kor alle er lagerøl. Dei seier at hemmelegheita er at dei lager øl som ikkje er så ekstremt, slik at ein stor del av befolkninga likar det.

Lom og Gudbrandsdalen har lange tradisjonar med ølbrygging, og det låg mykje prestisje i å servere godt øl før i tida. Lom bryggeri held på tradisjonar og har som målsetjing å lage øl med så stor lokal tilknyting som mogleg. Difor brukar dei lokale råvarer så langt det let seg gjere.

Produksjonen:
Produksjonslokalet som ein gong var ein alminneleg låve på garden Grjotheim i Lia, blir no nytta til produksjon, tapping og lager for 70.000 liter øl i året. Lomb-ølet blir distribuert over store delar av landet, og du får mellom anna kjøpt det i mange daglegvare- og spesialbutikkar.

Her i Gudbrandsdalen og indre delar av Sogn har mange av Coop-butikkane og tatt inn ølet for sal. Dessutan får du det servert på dei aller fleste serveringsstadene i området, samt fjellhyttene i Jotunheimen.

Namnet  «Lomb»:
LOMB var brukt som skrivemåten på Lom i dansketida frå 1500-talet og fram til landsmålet og nynorsken overtok på 1800-talet. Prestane og andre embetsmenn skreiv slik dei oppfatta uttala til bygdafolket. Lom kjem av Lo'om, som betyr gras-slettene ved vatnet.

Omsyning med servering:
Om du ynskjer å høyre meir om det lokale ølet og historia til Lom bryggeri, er det mogleg å kome på omsyning og historieforteljing på bryggeriet i Grjotheim i Lom. I tillegg til bryggeri, har dei òg griser om sommaren, som dei produserer spekemat av. Det er mogleg med omsyning med ein smak av kva dei produserer attåt.

Bryggeripub:
Bryggeripuben i Grjotheim ligg på det som før var låvebrua. Frå her får du god innsikt til bryggerilokala. På bryggeripuben har dei jevnlege arrangement gjennom året. Sjå kva som skjer på nettsida deira.

Kilde: Visit Jotunheimen AS

Lom bryggeri | Mikrobryggeri og pub i Lom

Bestill

Sider du nylig har besøkt