Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Jotunheimen Lom

Lom bryggeri - mikrobryggeri i Lom

  • Liavegen 367, Lom
  • +47 95844455
  •  /  km From You
Overview

Lom bryggeri produserer øl under merkevara Lomb. Det er dei to initiativtakarane Olav Grjotheim og Ola Gjeilo som står bak mikrobryggjeriet som vart etablert i 2016.

Lom bryggeri produserer øl under merkevara Lomb. Det er dei to initiativtakarane Olav Grjotheim og Ola Gjeilo som står bak mikrobryggjeriet som vart etablert i 2016.

Frå fyrste stund har det vore stor etterspurnad etter ølet, og karane jobbar på spreng for å klare å produsere nok. Per dags dato har dei 11 sortar øl på marknaden, kor alle er lagerøl. Dei seier at hemmelegheita er at dei lager øl som ikkje er så ekstremt, slik at ein stor del av befolkninga likar det.

Lom og Gudbrandsdalen har lange tradisjonar med ølbrygging, og det låg mykje prestisje i å servere godt øl før i tida. Lom bryggeri held på tradisjonar og har som målsetjing å lage øl med så stor lokal tilknyting som mogleg. Difor brukar dei lokale råvarer så langt det let seg gjere.

Produksjonen:
Produksjonslokalet som ein gong var ein alminneleg låve på garden Grjotheim i Lia, blir no nytta til produksjon, tapping og lager for 70.000 liter øl i året. Lomb-ølet blir distribuert over store delar av landet, og du får mellom anna kjøpt det i Gulating sine butikkar og mange daglegvare- og spesialbutikkar.

Her i Gudbrandsdalen og indre delar av Sogn har mange av Coop-butikkane og tatt inn ølet for sal. Dessutan får du det servert på dei aller fleste serveringsstadene i området, samt fjellhyttene i Jotunheimen.

Namnet  «Lomb»:
LOMB var brukt som skrivemåten på Lom i dansketida frå 1500-talet og fram til landsmålet og nynorsken overtok på 1800-talet. Prestane og andre embetsmenn skreiv slik dei oppfatta uttala til bygdafolket. Lom kjem av Lo'om, som betyr gras-slettene ved vatnet.

Ølsmaking:
Om du ynskjer å høyre meir om det lokale ølet og historia til Lom bryggeri, arrangerer bedrifta både ølsmaking og historieforteljing for vener, tilsette, kollegaer eller andre på bryggeriet i Grjotheim i Lom. Som del av dette blir det servert 4 sorter á 0,25 l. 18 års aldersgrense.

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages