Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Lom

Lom bryggeri

Bestill
Lom bryggeri
Lom bryggeri
Lom bryggeri
Lom bryggeri
Lom bryggeri
Lom bryggeri
Lom bryggeri
Lom bryggeri

Lom Bryggeri er eit mikrobryggeri etablert i 2016, med produksjon i det som ein gong var låven på garden Grjotheim i Lom.

Under merkevara LOMB bryggjar Lom bryggeri lagerøl med sterk lokal tilknyting – både i råvarer, historie og identitet.

Produksjonslokalet som ein gong var ein alminneleg låve på garden Grjotheim i Lia, blir nytta til produksjon, tapping og lager. Bryggeriet har i dag fleire ølsortar på marknaden, distribuerer til butikkar og serveringsstader over store delar av landet - samt til lokale fjellhytter og hotell. Lom bryggeri tilbyr omvising og smaksopplevingar på bryggeriet og nyttar bryggeripuben på låvebrua til ulike samlingar og arrangement.

Namnet «Lomb» var brukt som skrivemåten på Lom i dansketida frå 1500-talet og fram til landsmålet og nynorsken overtok på 1800-talet. Prestane og andre embetsmenn skreiv slik dei oppfatta uttala til bygdafolket. Lom kjem av Lo'om, som betyr gras-slettene ved vatnet.

Kilde: Visit Jotunheimen AS

Lom bryggeri

Bestill

Sider du nylig har besøkt