Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Best Lom | Bensinstasjon

Lom Servicesenter - Best i Lom sentrum er ein bensinstasjon som tilbyr det meste av det du som reisande har behov for.

Best er ein gamaldags, men moderne bensinstasjon i Lom sentrum.

Best er moderne på utstyr og utval, men samstundes meir som ein gamaldags bensinstasjon. Det er ikkje mange bensinstasjonar som yter service som dei gjer hjå Best. Her får sjølvsagt pølser og kioskvarer, men også hjelp med oljeskift, filter, batteri, lyspærebytte og andre små reparasjonar.

Best-stasjonen i Lom har topp moderne vaskehall og eigen avdeling for dekkskifte for både personbil, lastebil, traktor og anleggsmaskiner. Dei har òg dekkhotell. I tillegg driv dei med utleige av personbilar,  varebilar og minibussar, og tilbyr bilberging for Viking og Falck. Stasjonen har òg avdeling som driv med lastebil- og busstransport.

Lom Servicesenter - Best i Lom sentrum tilbyr det meste av det du som reisande har behov for.
* Byting av gassflaskar til campingvogner og campingbilar.
* Dekk til personbilar, lastebilar og bussar.
* Oljeskift og service
* Sjølv-vask
* Bilberging frå Falken og Viking.
* Leigebilar av ulike slag. Du kan leige bil frå ein time til ein månad.
* Utleige av og leigekjøring med minibuss.

Opningstider:
Mondag - fredag: 07.00 - 22.00
Laurdag: 08:00 - 22:00
Sundag: 09:00- 22.00
07.00 - 23.00 (i fellesferien)

Last updated: 06/12/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Best Lom | Bensinstasjon

Sider du nylig har besøkt