
Lom stavkyrkje er ei av dei største stavkyrkjene i Norge - oppførd rundt år 1158. Kyrkja har vernestatus freda og er nytta som hovudkyrkja i Lom.
Lom stavkyrkje er ei av landets største og mest særmerkte stavkyrkjer, bygd i romansk stil og vigd til Heilag-Olav, jomfru Maria og døyparen Johannes. Årringsdateringar viser at tømmeret vart hogd vinteren 1157/58, og kyrkja har seinare fått fleire påbygg – krossarmar og tårn kom til på 1600-talet. Det meste av inventaret skriv seg frå 1700-talet. Treskjeraren Jakop Sæterdalen er meister for korbogen og preikestolen. Av målarstykke har Lomskyrkja ei samling som skal vere den største i sitt slag i nokor norsk kyrkje. Ved arkeologiske utgravingar 1973 vart det gjort mange interessante funn; bl.a. over 2.000 mynter og eit runebrev. Om sommaren er det dagleg omvisning i Lom stavkyrkje - om historia, arkitekturen og dei unike detaljane som gjer Lom stavkyrkje til ei av Norges mest særmerkte kyrkjer. Kyrkja er stengt for besøk under høgtid og andre kyrkjelege handlingar.
Kilde: Visit Jotunheimen AS