Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Bakkasund

Loshytta på Kalve - Bakkasund

  •  /  km From You
Overview

Stien til Loshytta startar ved den fyrste løa du møter på høgre hand, etter parkeringsplassen i Kalsvik. Stien er kalla Laksavegen og fører ned i Gardavågen. Tidlegare stod det fleire naust her. Dei romma utstyr til laksefiske og teinefiske. Her var båtfeste for losbåt og opne fiskebåtar. Skipmannsstegen er ei utførleg tørrmurt  steintrapp som går langs fjellveggen. Før 1900 var stien bygd av rektømmer og førde opp til ei bu som stod på nordre enden av berget.

Den noverande Loshytta vart bygd ca. 1890. Hytta har tømra kjerne og er bolta fast til grunnen. Ho var tidlegare innreidd med ein høg benk. Her sat ein og speida etter skip. Det var ofte ungar som hadde dette arbeidet. Fekk dei auga på skip, bar det i full fart ned Skipmannsstegen. Losen måtte koma fyrst ut til den skuta som skulle losast. Det var knallhard konkurranse frå losane på Stolmen
og Hummelsund på Sotra. I 1901 vart «Korsfjorden Felleslosing» skipa. Med det vart det innført vaktordningar for Selbjørnsfjorden og Krossfjorden. Hytta vart også nytta under 2.verdskrigen. 9.april 1940 sat det vakter her og såg krigsskipa koma.

Hytta ligg ved Nordsjøløypa. 
Ope for grupper etter avtale med Joker Bakkasund på tlf 56 18 31 90.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Austevoll, Norway
The latitude and longitude
60° 7' 12" N / 5° 3' 37" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad