Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Loen

Lovatnet

  • +47 57874054
  •  /  km From You
Overview

Høge fjell og blå brear omkransar den smale dalen. I botnen glitrar det grøne Lovatnet. Lodalen er magisk og vill.

"If you ever go to Norway, you must be sure to see Loenvatnet", skreiv ein engelsk gjest som vitja Hotel Alexandra og Loen kring 1890. Ein annan turist uttrykte kvifor Lovatnet var verdt eit besøk: "Vatnet er kan hende det vakraste i Noreg. Langt og smalt ligg det som som ein kostbar smaragd av lysaste grønfarge, gøymt og vakkert av årvakne fjell."

Kvifor er Lovatnet grønt?
Lovatnet er grønt fordi dei inneheld leirpartiklar og steinstøv som breane grev ut og elvane fører med seg. Breane knuser stein og fjell, dag og natt. Når brevatnet kjem ned i innsjøane og fjorden, ser det grønt ut, særleg når sola skin. Lovatnet er heile 11 km langt.

Gratis fiske i Lovatnet: Frå sesongen 2008 er det heilt gratis å fiske i Lovatnet i Stryn. No treng du ikkje lenger fiskekort for å fiske i eit av dei beste fiskevatna i fylket. Her kan du fritt fiske når du ynskjer. På forsommaren og hausten er garn eit godt alternativ, medan oter er fint på sommarstid. Det er også fint å fiske med stang frå båt eller land. I påska 2008 vart det drege i land ei stor og feit aure på 3,4 kg.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord
Click to activate
Stryn, Norway
The latitude and longitude
61° 50' 45" N / 6° 54' 54" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad