Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Vassenden

Luksus og mystikk - opplevinga du ikkje finn på Google

Bestill
Master barn suite jølstraholmen
Barn Suite Family Jølstraholmen
Barn Suite Family Jølstraholmen
Resturant at Jølstraholmen
Høstfarger og refleksjoner
Hamnanova
Sykling rundt Jølstravatnet
Jølster sykkel

Jølstraholmen gir deg luksus, mystikk og overraskingar frå start til slutt - ei skjult oppleving du ikkje visste du trengte.

Eit eventyr du ikkje kan google. Luksus og overraskingar – skreddarsydd berre for deg

Tenk deg at du slepper taket, skrur av mobilen og let andre skape opplevinga for deg. Resultatet? To dagar med luksuriøst eventyr og overraskingar du ikkje finn på Google.

Alt startar med bestillinga. Etterpå får du eit spørjeskjema, slik at maten, drikka, aktivitetane og stemninga vert skreddarsydd til dykk.

Kva skjer vidare?

Det får de først vite når de er midt i det.

Kva er inkludert i denne mystiske pakken?

To netter i ei av Jølstraholmen sine eksklusive suiter

All mat, snacks og drikke - tilpassa dykk

Tilgong til alle aktivitetar - pluss nokre som aldri har vore annonsert

Eksklusive opplevingar som du ikkje finn på nett

Overraskingar frå start til slutt

Dette er meir enn eit opphald - det er ei reise gjennom smakar, aktivitetar og ujålete luksus, der berre fantasien set grenser. To dagar er alt som skal til for å skape minner som varer.

Praktisk info

Pakken har avgrensa tilgjengelegheit

Kan berre bestillast på Jølstraholmen sine eigne sider

Må bestillast minimum ei veke før ankomst


Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Luksus og mystikk - opplevinga du ikkje finn på Google

Bestill

Sider du nylig har besøkt