Lundeskaret

  • Lundeskaret
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • null

Lundeskaret er ein ekte fjellklassikar i Jølster. Frå toppen har du nydeleg utsikt over Kjøsnesfjorden

Lundeskaret er mykje meir enn ein fjelltur, og truleg det næraste du kjem ein ekte fjellklassikar i Jølster. Stien slynger seg oppover det tronge og naturville skaret inst inne i Kjøsnesfjorden.

Lundeskaret er Norges brattaste DNT-merka tursti

Ein bør vere i grei fysisk form og ikkje slite med vonde kne.

Kor startar turen til Lundeskaret?

Køyr riksveg 5 frå Skei til Lunde inst inne i Kjøsnesfjorden. Turen startar rett ved tunnelmunningen til Fjærlandstunnelen. Du kan parkere bilen på utkøyrsla ved tunnelen.

Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord