Lupinen Kafé



Lupinen Kafé i Valldal er det perfekte stoppet mellom Trollstigen og Geiranger – med buffet, heimelaga mat, fjordutsikt og leikeområde for barna.
På Lupinen Kafé blir du servert heimelaga mat med røter i norsk tradisjon – og innslag frå internasjonale kjøkken. Her finn du buffet med varme og kalde rettar, påsmurt, kaker og kaffi. Mange av rettane har lokal tilsnitt, og det er alltid enkelt å få tilpassa alternativ for allergiar og spesialkost. All mat er tydeleg merka, og take away og catering er også mogleg for deg som vil ta med smaken vidare på reisa.
Familievennleg kafé ved fjorden i ValldalKafeen ligg vakkert til heilt nede ved fjorden i Valldal, omkransa av høge fjell og grøne bakkar, ikkje langt frå velkjende Trollstigen. Her kan du nyte god mat ute i frisk luft, medan barna leikar i hagen eller på leikeplassen – perfekt for ei pause med familien eller eit avslappande måltid på veg gjennom fjordlandskapet.
Gode fasilitetar for små og store grupperLupinen Kafé kan ta imot grupper på inntil 70 personar innandørs, og har gode uteområde i tillegg. Lokalet er tilrettelagt for rullestol og barnevogn, slik at alle kan ta del i opplevinga.
- Tilpasset bevegelseshemmede
- Familievennlig
Mandag: 12:00–18:30
Tirsdag: 12:00–18:30
Onsdag: 12:00–18:30
Torsdag: 12:00–18:30
Fredag: 12:00–18:30
Lørdag: 12:00–18:30
Søndag: 12:00–18:30
15.08 - 14.06
Mandag: 12:00–17:30
Tirsdag: Stengt
Onsdag: 12:00–17:30
Torsdag: 12:00–17:30
Fredag: 12:00–17:30
Lørdag: Stengt
Søndag: 12:00–18:00
Kilde: Ålesund & Sunnmøre
Lupinen Kafé