Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Sognefjorden Luster

Lustrabadet

  • Øyagata 11, Luster
  • 57 68 56 80
  •  /  km From You
Overview
Details

Idretts- og familieavdelinga tilbyr trening, leik og oppleving for både store og små.
- 25m idrettsbasseng med 6 baner, 27˚C
- Stupetårn; 1m og 3m sviktbrett, 3m og 5m fast plattform.
- Klatrevegg i glas, -slepp deg rett ned i vatnet!
- Sklie med tidtakingssystem, ca 65m lang og 7m fall.
- Droppsklia -kort og bratt!
- Knøttebasseng med fontene og sklie, 33˚C.
- Barnebasseng med luftbobler, 33˚C. 



Velværeavdelinga har ein roleg og avslappande atmosfære.
- Varmebasseng, 34˚C, som inneheld liggjebenk med luftmassasje, sitjebenk med vatnmassasje og 4 motstrømsdyser.
- Grotta, 39˚C,- med sitjebenk og vatnmassasje og 10m rett opp i mørket samt skiftande fargelys under vatn gir ei spesiell oppleving!
- Dampbadstove og badstove.
- Kvilebenk og dusj.

Frå badstoveavdelingen er det dør ut til kulpene under open himmel!
- Kaldkulp, 8-12˚C.
- Varmkulp med vatnmassasje, 39˚C.
- "Rulle-i-snøen-sone" om vinteren og sitje- og liggjemøblar sommarstid.



Kafeteria med servering inn i badeanlegget, i resepsjonsarealet og ute på terrassen om sommaren. 



I resepsjonen er det sal av badeklede, svømmebriller, badehetter og badeleiker.



Garderobane har låsbare skap (du treng ein tiar) og skiftebås.



Det er i tillegg 2 fleirbruksgarderobar tilpassa rullestolbrukarar og familier. Dei har begge polstra heve og senke stellebord med sidegrind, og det finst òg ein dusjstol og ein rullestol.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Grillplass
  • Svømming

Aktiviteter

Aktiviteter
  • Svømmebasseng
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad