Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
ØRSTA

Lygnstøylvatnet

Lygnstøylvatnet ved Norangsdalen
Lygnstøylvatnet i Norangsdalen ved Hjørundfjorden
Norangsdalen

Lygnstøylvatnet ligg i Norangsdalen, eit dalføre rikt på både natur-og kulturopplevingar.

Lygnstøylvatnet ligg i Norangsdalen ved Hjørundfjorden, mellom Øye og Hellesylt. Deter eit dalføre rikt på både natur-og kulturopplevingar. Vatnet vart danna av eit ras frå keipen i 1908. I vatnet ser ein enno restar etter den gamle vegen, setermurane og grinda.

Det er historisk sus over Norangsdalen. Ved forrige århundreskifte ankra turistskipa opp ved Øye. Hestekjerrene frakta mang ein namngjeten person på den gamle ferdselsvegen gjennom dalen til Hellesylt, og etter "Silver Cruise" i 1993, fekk Norangsdalen tilnamnet "Dronningruta". Mange dronningar har teke turen gjennom Norangsdalen.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

Lygnstøylvatnet

Sider du nylig har besøkt