Lyngheisenteret på Lygra - Museumssenteret i Hordaland















Miljøsertifiserte reiseaktører
Miljøsertifisering av private og offentlige foretak, også turisme.

miljofyrtarn.no
Informasjonssenter om de åpne kystlyngheiene - Europas kulturlandskap mot Atlanterhavet. I dag en truet landskapstype i ferd med å forsvinne.
Med Lurefjorden på den eine sida, og den indre farleia på den andre, finn du Lyngheisenteret, vakkert plassert i det historiske kystlandskapet i Lindås, Nordhordland. Her kan du senke skuldrene, nyte ein fantastisk utsikt til fjord og fjell, og få servert kortreist, heimelaga mat i restauranten. Du kan gå tur på flotte, tilrettelagde stiar i lyngheiene, eller sjå film og utstilling, gå på gardsbesøk, leige sykkel eller fiskestong, og er du heldig kan du sjå både ørn og villsau.
Lyngheisenteret vart opna av dronning Sonja i 2000, og er i dag den einaste staden i Europa kor du kan oppleve autentiske lyngheier drivne av lokale bønder, som er tilrettelagt for publikum. Det er eit levande museum som ligg innunder paraplyen Museumssenteret i Hordaland, og som har som oppgåve å formidle vestnorsk kystkultur i tillegg til vern av lyngheiane. Informasjonsbygget har restaurant, møterom, kinosal og museumsbutikk.
I 2001 fekk Lyngheisenteret UNESCO sin globale kulturlandskapspris for arbeidet med å verne kulturlandskapet, og i 2005 vart Lyngheisenteret tildelt Europarådet - Europa Nostra sin kulturlandskapspris, 'for its pioneering role in the protection of authentic heathland, and the maintenance of its biological diversity and traditional knowledge' EUROPANOSTRA.
Korleis komme seg til Lygra:
Du kan dra til Lyngheisenteret med båt, bil og buss.
Båt: Det går hurtigbåt morgon og ettermiddag frå Strandkaiterminalen i Bergen, sjå norled.no. Ein nydeleg båttur på 40 minutt. Frå Lygra kai er det ein 10 – 15 minutts fin spasertur til Lyngheisenteret.
Bil: Det tar omlag1 time å køyre frå Bergen til Lygra, og ca. 30 min frå Knarvik. Følg E39 nordover, i rundkøyringa før Knarvik ta til venstre (RV57) mot Leirvåg (Mongstadvegen), følg RV57 til Seim og skiltinga vidare til Lygra og Lyngheisenteret. For ein flott rundtur og bilturoppleving, kan det anbefalast å køyre FV404 tilbake via Alverstraumen.
Buss: Det går rutebuss frå Bergen til Knarvik, og vidare derifrå til Lyngheisenteret. I Knarvik vel du buss 311-313 til Lygra snuplass. For rutetabell, sjå skyss.no. NB! Billettprisen ut til Lygra er den same som i Bergen
Overnatting:
Overnatt i Magnusgarden, et sjarmerende eldre gårdshus, eller i hybel på Lygra Gjestegard.
For grupper:
I informasjonsbygget på Lyngheisenteret fins det tre ulike rom til utleige:
Matstova:
• 100 m2
• Ved matservering kan det dekkes til 80 personar på langbord
• Til konsert, foredrag mm (berre stolar, ingen bord) ca 150 personar
Møterommet:
• 55 m2
• Stoler og bord, opp til 30 personar
• Berre stolar, opp til 60 personar
Auditoriet:
• 110 m2. Ca 50 m2 på golv nede ved lerret.
• 49 fastmonterte seter (dei fleste med lite klaffebord)
• Plass til ca 20 lause stolar + mogeleg å sitje i trapper på kvar side.
Det finnes ca 150 stolar til saman på heile huset.
- Bergenskortet
- Høst
- Vår
- Sommer
Voksen | 100,00 * | Billetter |
Barn u 16år | undefined * | Gratis |
Honnør/student | 70,00 * | Billetter |
* Pris fra |
Kilde: Visit Bergen
Lyngheisenteret på Lygra - Museumssenteret i Hordaland