Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Overview
Details

Den populære turistvegen Lysevegen går frå Lysebotn i Forsand i Ryfylke innerst i Lysefjorden til Sirdal. Vegen blei bygd som anleggsveg i samband med utbygginga av Tjodan Kraftverk og blei offisielt opna i 1984. Før den tid var båten det einaste faste kommunikasjonsmiddelet med omverda for folk i Lysebotn.


Frå Lysebotn går vegen først gjennom ein 1100 meter lang tunnel. Vidare slyngjer vegen seg i 27 skarpe hårnålssvingar til høgfjellet. På toppen av oppstiginga (640 moh) ligg utsiktsrestauranten Øygardstøl og parkeringsplassen for fotturen til Kjerag. Høgaste punkt på vegen ligg ved Andersvatn, 950 moh.

Sjå turen frå Lomeland til Lysebotn om våren på youtube.

Vegen er open i perioden mai - slutten av oktober/ 1 november (avhengig av snøforhold). Vegen er ein del av den kjente Suleskarvegen frå Telemark via Setesdal og Sirdal til Stavanger. Lysevegen er ein del av Nasjonal Sykkelrute 2 - beinhard, men blendande vakker!


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Årstid
  • Sommer

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Bussparkering
  • Parkering

Facts

Lansdscape
Mountain area
Click to activate
Forsand, Norway
The latitude and longitude
59° 3' 19" N / 6° 39' 50" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad