Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Nordfjord Vågsøy

Måløyraid Senteret

  • Gate 1, 93, Vågsøy
  • +47 94816904
  •  /  km From You
Overview

Internasjonalt krigshistorisk informasjonssenter om krigshistorien sin første allierte fullskala «Combined Operations», der marinen – flyvåpenet og kommandosoldatar angreip samtidig, i same begrensa operasjon og under ei felles leiing.

Måløyraidet, med kodenavn « Archery»- blei ein viktig og strategisk seier for dei allierte, over Hitler sine nazistyrkar, og starten på Hitler sitt nederlag, under 2.verdskrig. Historia vil setje deg tilbake i tid, ved hjelp av autentisk film, bilete, lyd, lukt, gjenstandar og grafisk design.

På senteret vil ein i tillegg til Måløyraidet få informasjon om Kaptein Martin Linge, Kompani Linge og Shetlandsfarten.

Kaptein Martin Linge 
Her kan ein følgje livet til Martin Linge frå oppveksten hans, til han fall i front under Måløyraidet, berre 47 år gamal. Martin Linge var ein allsidig mann. Han debuterte som skodespelar, men mest kjent som offiser og motstandsmann under 2.verdskrig.

Kong Olav, sa det slik i sin tale :«Kaptein Martin Linge er en av Norges store sønner – vi står alle i gjeld til kaptein Martin Linge». 

 

Kompani Linge 
I denne avdelinga vil ein kome tett på, kvifor og korleis, kaptein Martin Linge bygde opp og leia eit kompani, av frivillige unge norske soldatar i Storbritannia. Korleis dei kjempa sin motstandskamp i det naziokkuperte Norge. Kompani Linge utførte mange tøffe og hemmelege operasjonar, sabotasjar og spionasjar i Norge under 2. verdskrig.

«Norge er som skapt for hemmelig krigføring», Kaptein Martin Linge .

 

Shetlandsfarten                                      
Gjennom krigsåra 1940-1941 flykta 312 båtar med over 4000 personar frå norskekysten til Shetland, Skottland og England. Hausten 1940 blei dei beste 20-30 båtane, etter bestemmelser gjort av kaptein Martin Linge og SOE, satt inn i hemmeleg trafikk mellom Shetland og Norge, med hemmelege agentar/sabotørar og våpenlaster frå kompani Linge. Båtane fekk namnet «Shetlandsbussene», og dei frivillege mannskapa (100 mann), som bemanna båtane, blei stasjonert på Shetland og fekk namnet «Shetlandsgjengen»

I 1943 blei »Shetlandsgjengen» lagt under Den Norske Marinen i England. Dei fekk 3 nye hurtige utbåtjagarar, KNM Vigra, KNM Hessa og KNM Hitra, som blei sett inn i den viktige og hemmelege Nordsjøtrafikken. Mange nordmenn som ville eller måtte flykte frå det okkuperte Norge, blei med «Shetlandsbussene» over til fridomen på Shetland.

Ein kjent skipper på «Shetlandsbussen», med 54 turar over Nordsjøen var Leif Larsen, »Shetlands-Larsen frå Bergen. Larsen var skipper på «Shetlandsbussen» KNM Vigra, til krigen var slutt.

 

Reisemagasinet King Goya om Måløyraid senteret:

http://kinggoya.no/maloyraidet-krigshistorien-er-blitt-up-to-date/

Facebook: https://www.facebook.com/KingGoyaNorge/

Tvitter: https://twitter.com/GLindbaek

 

 


  • Last Updated:
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad