Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Mølstrevåg - Ryvarden

  •  /  km From You
Overview

Stad: Mølstrevåg i Sveio


Turkart: Opplevingskart for Sveio (1:35 000)


Start og sluttpunkt: Mølstrevåg


Parkering: På oppmerka plass i Mølstrevåg.


Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Haugesund. Få avgangar.


Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta etter ny løypestandard.  Turen går på grusveg utan merking langs vegen.         


Gradering: Grøn. Lett fottur. Ein støvel etter DNT-systemet


Høgdeskilnad: 0-25 moh.


Tidsbruk: 40 min. t/r


Gode råd: Tilgjengeleg for hjulbrukar, men nokre bratte bakkar kan gjera det vanskeleg å ta seg fram med rullestol. Bomveg. Ved særskilde behov kan ein gjera avtale om å køyra på vegen med bil.


Turomtale: Turen går  frå parkeringsplassen i Mølstrevåg på ein 2 km lang grusveg, gjennom kupert terreng med lynghei og gammalt kulturlandskap til Ryvarden. Frå det høgste punktet omlag midtvegs på turen er det storslått utsikt mot m.a. Sletta, Stord, Bømlo, Utsira og sørover mot Byheiane i Haugesund. Frå steingarden som avgrensar Ryvardsneset, kan ein følgja Nordsjøløypa gjennom marka til Lyngholm (1,5 t.).


Ved ein avstikkar frå vegen rett før ein kjem ut til fyret, står monumentet over dei 16 som omkom då hurtigbåten ”Sleipner” gjekk ned like ved Ryvarden i 1999.


Ryvarden fyrstasjon ligg der den gamle «Ryvarden» låg, grensevarden mellom Ryfylke og Hordaland heilt sidan vikingtida. I den islandske sogeboka Landnåmbok vert det fortalt at oppdagaren Flòke Vilgjerdson bygde ein varde på Ryvardsneset i år 868, før han drog vest over havet for å slå seg ned på Island. Flòke er kjend som den som gav Island namnet. Den gamle varden vart fjerna i 1861, då fyrstasjonen blei bygt.


Etter at fyret vart automatisert og fråflytta i 1984, har dei gamle bygningane fått nytt liv som Ryvarden Kulturfyr, med mellom anna galleri, kafe, overnattingsplass og atelier for kunstnarar. Galleriet har skiftande utstillingar gjennom heile sesongen, og er blitt eit populært utfartsmål i distriktet. Galleriet er ope søn- og helgedagar frå påske og ut november, med utvida opningstider i juli og august.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Sveio, Norway
The latitude and longitude
59° 31' 25" N / 5° 15' 31" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad