Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

M/S Jostedalsrypa - båtskyss på Brevatnet

Båten ber namnet åt ei særs kjend jente frå Jostedalen, tek 24 passasjerar, og sesongen varer frå omtrent 10. juni til 1. september.

Ved å køyre bomvegen og følgje båten over, kjem du heilt inn til den imponerande fronten av Nigardsbreen, og du kan vere med Jostedalen Breførarlag på bretur.

Jostedalen og Jostedalsbreen er av dei mest verdsette turistmåla i landet vårt. Den mest kjende brearmen i Jostedalen er Nigardsbreen.

Det er hit Brevegen AS ynskjer deg velkomen. Brevegen AS er ei reiselivsverksemd i Jostedalen i Sogn.

Mellom Breheimsenteret og Nigardsbreen driv me ein bomveg, over 3 km lang, og båtskyss på Brevatnet med båtane MS Jostedalsrypa og MS Vitlerypa.

Vegen går gjennom eit svært interessant morenelandskap, der isen låg fleire hundre meter tjukk på 17- og 1800-talet. Alt dette og meir til kan du lære om i Breheimsenteret.

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

M/S Jostedalsrypa - båtskyss på Brevatnet

Sider du nylig har besøkt