Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Malkenes - Haaheim gaard (20 km.)

  • +47 53456790
  •  /  km From You
Overview
Details

Sykkelturen til vakre Haaheim gård startar på Malkenes kai, der Hardangerfjordekspressen legg til kai på si ferd frå Bergen til Rosendal. Ruta er nesten 20 kilometer lang, så då er det godt det ligg ein kulinarisk oase i andre enden av løypa der du kan få deg ei oppleving du seint vil gløyma.


Du syklar vegen opp frå Malkenes kai til krysset ved riksveg 49, tek til høgre, vestover og fylgjer denne mot Lundegrend og Våge. Her er fint å sykla langs lite trafikkert veg medan du nyt utsikta over Humlevika, Gjersvikvågen og Bjørnefjorden med sine skogkledte små øyar, holmar og skjær. Etter tre og ein halv kilometer passerer ein Lundegrend der du kan kjøpa deg noko å drikka eller fylla opp vassflaska. Dersom du verkeleg vil sveitta litt, kan ein etter 6 kilometer ta ein avstikkar i krysset opp mot Myrdal, som er den brattaste og kortaste oppstigninga til Tysnessåta (753 moh.) Etter 12 kilometer kjem du til Våge og fylgjer riksveg 49 til venstre i rundkøyringa, sørover mot Stord, Hodnanes og Uggdal. Like før ein kjem til Uggdal er det skilta opp mot Dalen. Du fylgjer då vegen opp langs elva Reiso dei tre siste kilometerane til Haaheim gard.


Vel framme vert du godt teken imot av Haaheim gard, som er ei Syklist Velkommen bedrift der du kan nyta det gode livet til dess du er klar for neste eventyr på sykkelsetet.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Middels
Click to activate
Tysnes, Norway
The latitude and longitude
60° 4' 38" N / 5° 41' 14" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad