Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

Marifjøra Sjøbuer

På sørsida av Gaupnefjorden, ein sidearm av Lustrafjorden ligg bygda Marifjøra. Marifjøra Sjøbuer har fire flotte hytter i rorbustil bygd i eigar sin hage i fjordkanten ved Marifjøra.

Flott utsikt innover Lustrafjorden mot Gaupne og utover fjorden mot høge fjell og Feigumsfossen i det fjerne.

Mange turmoglegheiter til fots og med bil langs Sognefjorden og via avstikkarar til fjell, bre og dalar, der merka stiar fører inn i mektige fjellområde i Breheimen og Jotunheimen - men også turar til kjente attraksjonar (Jostedalsbreen, Breheimsenteret, Sognefjellet, Urnes stavkyrkje). Her kan du sitta på terrassen og nyta utsikten, ta turer på fjorden eller leggja opp til interessante bilutflukter i vakker og skiftande natur.

Gjester kan leige båt: 14 Fot Pioner Active m/15hk påhengsmotor: Kr. 700,- per dag = 5 timar

Kvar hytte har:

- Kombinert stove / kjøkken

- Flislagd bad med dusj / WC / varmekablar

- Eit soverom i 1. etg med 2 senger og eit soverom med dobbelt seng på loft

- Tv og radio

- Trådløs internettilkobling

- Kaffitraktar, vasskokar

- Stort kombinert kjøle/fryse skåp

- Oppvaskmaskin.

- I fellesrom: vaskemaskin, tørketrommel og strykejern/brett

- Kvar hytte har utemøblar og utegrill

- Kjøpesenter: 3 km

- Parkering ved hytta

BOOKING MINIMUM 2 NETTER

Last updated: 03/26/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Marifjøra Sjøbuer

Sider du nylig har besøkt