Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Sogndal

Med sykkel i Balestrand

Langs heile vegen i Balestrand har du vakker utsikt over fjorden og fjella og som opnar seg inn mot større og mindre dalar på ruta.

Sykle anten langs den idylliske Esefjordsvegen til Dragsvik (9km), der du kan besøka arboretet og badeplassen på Lunde, Tjugum kyrkje frå 1800 talet, Haukaas Emaljeverkstad, den sjarmerande dukkesamlinga ved Dragsvik Fjordhotel der du også kan kjøpa mat og drikke eller gå ein tur på naturstien.

Andre alternativ er å sykla til Kvamsøy (13km), ei nydeleg lita øy ca 100 meter frå land med ei idyllisk mellomalderkyrkje på. På landsida er det eit flott friluftsområde med grill- og badeplass, skulpturar og ballplass eller å sykle mot Dragsvik (9 km) til Sværefjorden(8 km), Vetlefjorden (7 km) og Menes (5 km)

Ruta er fantastisk og går langs fjorden heile vegen. Det er noko opp og nedstigning men ikkje bratt nokon stad.

På Dragsvik kan du stoppe for forfriskningar på hotellet, men etter hotellet er det ingen andre fasilitetar langs ruta, berre den stille vegen, fjorden og fjella, med nokre biletsjønne gardar og grendar langs med vegen.

Dei siste 5 km går langs ein smal veg til garden på Menes der du snur og syklar attende frå.


Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Med sykkel i Balestrand

Sider du nylig har besøkt