Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Valldal

Mefjellet

  • +47 70257767
  •  /  km From You
Overview
Details

Frå Valldal sentrum køyrer du vegen mot Tafjord gjennom den 1 km lange tunellen og held fram til Fjørå. Der tek du av og køyrer etter vegen som er skilta til Selboskar.  Vegen slyngjer seg  4km bratt opp gjennom lia til den flatar ut på Hauge, knapt 400 m.o.h.  Her finn du skilta parkeringsplass på høgre side.

Frå parkeringsplassen startar vandreturen. Følg vegen til fots ytterlegare 400 meter og ta så av til venstre og følg traktorvegen som går heilt til Nysetra (ca. 750 m.o.h) som du ser i himmelsjå.  Undervegs, og frå setra, har du storslått utsikt tilbake mot Fjørå og Norddalsfjorden mot Linge og Eidsdal så vel som innover Tafjorden.

Frå setra held du fram etter skilta og merka sti mot Mefjellet. Stien går rett opp frå setra og følgjer den markerte ryggen heilt til toppvarden på Mefjellet (1100 mo.h.) Her blir du belønna med flott utsikt over Valldalen og fjella rundt.

Turen kan også utførast med mountain bike.

Om du ikkje vil gå heilt same ruta tilbake kan du følgje ryggen over Mefjellet ned på andre sida. Der vil du finne ein sti som fører deg tilbake til Nysetra. Frå Nysetra kan du også leggje turen tilbake til parkeringsplassen om Ruggå. Då tek du av frå trakotorvegen i den første svingen etter setra på veg ned. Der finn du ein skilta og merka sti til Ruggå. Tidsbruken er omlag den same.

Turen til Mefjellet er også ein fin skitur vinterstid.

For den som er på jakt etter meir ekstrem aktivitet, blir det årleg arrangert eit motbakkeløp til toppen av Mefjellet ("Mefjellet Opp") med start ved fjorden i Fjørå.


  • Last Updated:
  • Source: Fjord Norge AS

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
  • Ekspert
  • Middels
Landskap
  • Fjordområde
  • Skogsområde
  • Fjellområde
Årstid
  • Vår
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Dagsturer (5-11 timer)
  • Merkede turstier

Facts

Effort Level
Challenging
Duration
1-4 hours
Lansdscape
Fjord area
Season
Summer
Click to activate
Norddal, Norway
The latitude and longitude
62° 18' 1" N / 7° 18' 44" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad