Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
HAREID

Melshornet

Melshornet

Kort om turen På toppen har du ei vid og flott utsikt i alle retningar. Mot vest Ulstein og øyane i Herøy, mot nord Breisundet og Nordøyane, mot aust inn Storfjorden mot Ørskog og mot sør Vartdalsfjella og Sunnmørsalpane. Ei flott sikteskive viser namna på dei fleste fjelltoppane. Her står og ein stor varde. Rutebeskrivelse På høgda av Ulsetleitet er ein mindre parkeringsplass med eit skilt som viser råsa mot Melshornet. Her står også ei info-tavle med kart og luftfoto av turområdet og beskrivelse av turen. Første del av turen går på skogsveg, deretter på god sti med nokre våtare parti innimellom. Frå ryggen og til toppen er stien tørr og fin. Siste stigninga går ein på stein/ur.

Kort om turen

På toppen har du ei vid og flott utsikt i alle retningar. Mot vest Ulstein og øyane i Herøy, mot nord Breisundet og Nordøyane, mot aust inn Storfjorden mot Ørskog og mot sør Vartdalsfjella og Sunnmørsalpane. Ei flott sikteskive viser namna på dei fleste fjelltoppane. Her står og ein stor varde.

Rutebeskrivelse

På høgda av Ulsetleitet er ein mindre parkeringsplass med eit skilt som viser råsa mot Melshornet. Her står også ei info-tavle med kart og luftfoto av turområdet og beskrivelse av turen. Første del av turen går på skogsveg, deretter på god sti med nokre våtare parti innimellom. Frå ryggen og til toppen er stien tørr og fin. Siste stigninga går ein på stein/ur.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

Melshornet

Sider du nylig har besøkt