VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Innlandet LOM

Memurubu | Turisthytte

  • +47 46016100
  •  /  km From You
Overview
Details

Turisthytta Memurubu ligg langs Gjende i Jotunheimen, og er det mest brukte startpunktet for turar over fjellryggen Besseggen.

Memurubu turisthytte er idyllisk plassert under Besseggen ved Gjende, og er den mest naturlege startstaden for turar over Besseggen.  Hytta ligg mellom Gjendesheim og Gjendebu, med Besseggen og Bukkelægret på kvar side.

Memurubu vart oppført i 1872 og har i århundrer vore ein populær utfartsstad for både dyr og folk. Den vakre og skjerma plasseringa ved utløpet av elva Muru, midt på Gjende, gjer Memurubu til ei perfekt base for å utforske Jotunheimen og mange av dei mest kjende fjellturane i området

Memurubu har 150 sengeplassar fordelt på 2-,3-,4- og 5-mannsrom. Moderne standard. Rom med dusj og WC. Det er tilrettelagt for teltplass.

Besseggen:
Memurubu er det mest kjende startpunktet for turar over Besseggen, og turane over eggen anten startar eller sluttar på Memurubu. Hytta er eit flott utgangspunkt for dagsturar til små og store toppar i området. Viss du reiser med små barn, kan du gjerne kombinere nokre dagar hos oss med ein telttur til Memurudalen.

Guida turar på bestilling.

Servering:
I fjellrestauranten blir det servert frukost og treretters middag til alle, både til overnattingsgjestar og til dei som kjem innom for eit godt måltid.

Memurubu serverer treretters middag alle dager, og tilbyr varierte og lokale menyar med fisk, spekemat, karbonader, elg og rein. Memurubu turisthytte har som mål at du alltid skal få god og smakfull mat, og du skal alltid få servert rause porsjonar.

Litt svolte? Sjøl om du ikkje bur på turisthytta, er du hjerteleg velkomen innom kafeen med kalde og varme drikker, vafler, snacks og smårettar – alt du drøymer om i bakkane opp og ned frå Besseggen.

Høgruta i Jotunheimen:
Memurubu er ein del av Høgruta i Jotunheimen og anten kan du bruke hytta som ein stoppestad på ein lengre tur, eller bu her fleire dagar og utforske toppar som Surtningssui og Besshø. Eller kva med å gå turen over Besseggen på ski?


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS

Generelt

Landskap
  • Fjellområde

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Båtturer
  • Vandring
  • Natursti

Opening hours

19. juni 2020 – 20. sep. 2020
Daily
See All

Facts

Landscape
Mountain area
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages