Meretes Garden - glamping camp i Valldal




Meretes Garden er eit velvære- og retreatsenter i Valldal som tilbyr yoga, spa og overnatting i komfortable glampingtelt.
Her like ved Trollstigen, og ikkje langt frå Ålesund og Geiranger, kan du du føle deg fri og samle minner for livet. Du kjem tett på naturen og kan nyte fuglesong og lydar og lukter frå naturen. Heile konseptet ved Meretes Garden er basert på å bruke den helande krafta i naturen sjølv for å bli minna om kven vi eigentleg er.
Glampingtelt og leiligheitSov i store fine bomullstelt innreia som hotellrom med komfortable senger og gode dundyner. Like ved telta i eit hus, finn du dusj, wc og spatilbod. Der er det også eit kjøken og eit opphaldsrom. Det er seks slike telt med ulik kapasitet i kvart telt.
Telta er tilgjengeleg om sommaren.
Resten av året kan ein sove innandørs i ei vinterleiligheit med fleire soverom.
Vedfyrt sauna og yogaTa eit saunabad i den vedfyrte badestova med store vindauge ut mot naturen.
For morgonfuglar er det tilbod om yoga i eit glasdrivhus man-, ons- og fredagar for overnattingsgjestar.
Elbil-ladingDu kan lade bilen din mot 100 kr per tilkopling
- Høst
- Vår
- Sommer
Kilde: Ålesund & Sunnmøre
Meretes Garden - glamping camp i Valldal