Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Fitjar

Midtfjellet vindpark

Midtfjellet vindpark
Midtfjellet vindpark
Midtfjellet vindpark
Midtfjellet vindpark
Midtfjellet vindpark
Midtfjellet vindpark
Midtfjellet vindpark
Midtfjellet vindpark
Midtfjellet vindpark
Midtfjellet vindpark

Eit eldorado for utandørsaktivitetar heile året, tilgjengeleg for alle. Midtfjellet Vindpark er med sine 55 vindmøller ein av dei største i sitt slag i Noreg.

Eit eldorado for utandørsaktivitetar - heile året Midtfjellet Vindpark er med sine 44 vindmøller ein av dei aller største i sitt slag i Noreg. Med ein framifrå infrastruktur av vegar og ei lysløype er fjellet no lett tilgjengeleg for fotturar, sykkelturar, motbakkeløp, skileik, skitur i preparerte løyper, fisketurar og familieturar i omgjevnader der dyre- og fuglelivet er rikt. Kulissane med dei majestetiske vindmøllene gjer det heile unikt og spesielt.

Ope og tilgjengeleg

Midtfjellet er eit heilårsope "tilbod" for alle. Det er fritt tilgjenge i heile fjellet!   

Her er det godt tilrettelagt for vandring, offroad-sykling, og for barnefamiliar. Det passar også fint å gå her om ein har barn i bæremeis.

Vegen i Midtfjellet vindpark er veleigna for både gåande, barnevogn og offroadsyklistar. Vegen er universelt utforma. Det vert arrangert ulike aktivitetsdagar i Midtfjellet vindpark. Følg med på facebooksida til Midtfjellet.

Tilkomst

Vindparken kan du nå gjennom eit utal av stiar frå ulike delar av kommunen. Ynskjer du å nytta hovudvegen inn i parken, tek du av frå riksveg 545 ved Rimbareid, om lag 1,5 kilometer sør for Fitjar sentrum. 

Det er asfaltert veg opp til vindmølleparken med parkering til ca. 50 bilar. Her køyrer du heilt opp til fjellet, kor du går rett ut på 27 km med grusveg. Vegane mellom vindmøllene er merka med nummer.

Kilde: Region Sunnhordland

Midtfjellet vindpark

Sider du nylig har besøkt