Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Voss

Mjølfjell Ungdomsherberge

  • Kleivavegen 576, Voss
  • +47 46184070
  •  /  km From You
Overview

Fornuftige prisar, ernæringsrik og velsmakande lokal mat, fersk kaffi frå eige kaffibrenneri og ein ekte italiensk steinovn der du kan steika din eigen pizza, skaper ramma for opphaldet ditt.

Mjølfjell Ungdomsherberge har meir enn 100 behagelege senger med direkte adkomst unike Hardangervidda Nasjonalpark. Fornuftige prisar, ernæringsrik og velsmakande lokal mat, fersk kaffi frå eige kaffibrenneri og ein ekte italiensk steinovn der du kan steika din eigen pizza, skaper ramma for opphaldet ditt.

Ungdomsherberget består av eitt hotell med romreservasjon og ein vandrarheim med sengereservasjon. Hotellet har romslege firemannsrom. Kvar morgon serverer vi ferskt grovbrød saman med vår heimebrente kaffi, utvald frukt frå Hardanger, kjøt frå Voss, ferskpressa juice, müsli og yoghurt. Vandrarheimen gjev alle moglegheit til å overnatte i spektakulære omgjevnader, med tilgang til sauna og eit moderne kjøkken med panoramautsikt over Raundalen. Så framt det er plass kan også gjestene på vandrarheimen bestille både frukost og middag på hotellet og nyte godt av delikatessene frå kjøkkenet.

I baren Tusser & Troll vert det servert lokalt brygg, friske drinkar og italienske pizzabunner med eit utval vestlandske ingrediensar. Du kan og kjøpa godsaker basert på ekte råvarer frå mindre norske og danske produsentar. I peisestova finn du biljard, eit stort utval brettspel og mange gode bøker.

Det er flust med turmoglegheiter like utanfor døra, sommar som vinter. I samarbeid med lokale tilbydarar i regionen kan vi arrangere alt frå kurs i elvepadling og havkajakk til overlevelseskurs på Hardangervidda. Guida tur til legendariske toppar som 1212, Horndalsnuten (1461moh), Mjølfjell (1470moh) og Olsskavlen (1576moh). Raundalselva er verdskjent blant elvepadlarar, med strekningar som passar både for nybyrjarar og erfarne padlarar.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad