Voss

Mjølfjell Ungdomsherberge

  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • 56 52 31 50

  • Mjølfjell Ungdomsherberge

    Voss, Vestland

    Vis i kart

Mjølfjell Ungdomsherberge ligg vakkert til i Raundalen, på Mjølfjell – midt mellom elv, fjell og nydeleg villmark. Her bur du i eit historisk fjellhus med varm atmosfære, lange trebord og den gode “me er på tur”-kjensla, anten du kjem åleine, som par, med familien eller i gruppe.

Mjølfjell ligg langs Bergensbanen, berre nokre stopp frå Myrdal der den verdskjende Flåmsbana startar. Det er òg enkelt å koma hit med tog: Toget stoppar ved Ørneberget stasjon (stopp på førespurnad), og derfrå er det ein kort, men bratt sti ned til herberget – så gode sko er lurt.

Sesongopning og opplevinga

- Lågsesong (september–juni): sjølvbetjent opphald – ingen resepsjon eller servering. Du sjekkar inn sjølv og har tilgang til felles kjøkken og bad (som ei sjølvbetjent fjellhytte).

- Høgsesong (20. juni–20. august): fullt fjellhotell med vertskap, opne fellesareal og servering – ei sosial og levande fjelloppleving.

Etter turen kan du varma deg i badstova – ho kan òg brukast av daggjester (drop-in). I området finn du flotte moglegheiter for fotturar, sykling og fisking om sommaren – og ski om vinteren.

For grupper: De kan òg booka heile lodgen, og dei har eigne opplegg for feiringar, event og bedrifter.

Overnattingsstaden ligg midt i eit fantastisk turområdet der du kan sykla, gå på tur eller fiska om sommaren, og gå på ski om vinteren. Det er 29 km å køyra til Voss sentrum.

Klikk her for å bestilla!

    Accessibility information

    • Tilrettelagt for personer med nedsatt funksjonsevne
    • Servicehund tillatt

    Kilde: Destinasjon Voss