Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sunnfjord Gaular

Mjølkerampen

  • Vadheimsvegen 19, Gaular
  •  /  km From You
Overview

Her på Mjølkerampen kan vi by på god kaffe, heimelaga kaker, smørbrød, ferske brød, gjærbakst og enkle lunsjrettar basert på lokale råvarer og mykje meir.

Mjølkerampen var tidligare eit utprega samlingspunkt der gardsarbeidarar møttes og utveksla nyhende, eller skaffa seg skyss med bil eller lastebil. Difor tykkjer vi namnet var utruleg passande ettersom det ligg så sentralt til midt i sentrum av kommunesenteret. Gaular kommune ligg og midt i fylket vårt mellom Sogn, Nordfjord, Bergen og Bremangerlandet. Ein kjem ikkje meir sentralt enn dette.

Sosial samlingsplass for lokalbefolkninga, med lokal mat i flotte lokale. Med vår kompetanse og gode service skal skape ein god atmosfære og ein hyggjeleg møtestad med mykje sjel og historie. Her skal alle føle seg velkommen og forvente å få det vesle ekstra.

Vi ønskjer å betre tilbodet av lokal mat og heimelaga produkt, både gjennom sal av eigne og andre lokale produkt. Vi har også eit lite selskapslokale som kan leigast ut til små selskap, barnebursdagar, møter, kulturinnslag og elles det lokalbefolkninga ynskjer.
Velkommen.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad