Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Norway Now
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Vinje

Mjonøy - Vinje biletgalleri

  • Mjonøy, Vinje
  • +47 35069090
  •  /  km From You
Overview

Vandring langs kulpar og vakre fossefall frå idylliske Mjonøy til Henrik Sørensens biletgalleri.

Kunst og kultur er varemerket på denne kulturløypa som startar og endar ved Mjonøy i Vinje. Det passar fint, sidan ein då kan fylle magen med god mat frå kaféen på Mjonøy, før eller etter turen.


Turen går i lett skogsterreng langs elva. Vakre fossefall og eit canyonliknande landskap kallar fram fotoapparatet frå sekken. Er veret fint, kan ein lauge seg i Kleivastøylhylen.


Oppe på toppen av løypa inne i skogen openbarar Vinje biletgalleri seg. Biletkunstnarane Henrik Sørensen og Harald Kihle budde og arbeidde ei tid saman i Smørklepp. Galleriet har ei stor samling av bileta deira, som er viser stemningsfulle naturskildringar og folkeliv frå Telemark.


Aktivitetar ved Mjonøy - Vinje biletgalleri


Mjonøy. Utgangspunktet for turen. Her kan du sove rimeleg og godt i gamle loft og bur, eller legge på prisen og sove i høgstandardhytter. Bakeri, utstillingar og utsal om sommaren.

Vinje biletgalleri. Biletmålaren Henrik Sørensen hadde 40 av sine somrar på Smørklepp i Vinje. Verka hans, og kunstnarvenen Harald Kihle, ser du i biletgalleriet, som ligg gøymt inne i skogen.

Vinjestoga. Barndomsheimen til Olav Aasmundson Vinje.

Vinje kyrkje. Krosskyrkje i tre, måla i ein heilt spesiell raudfarge. Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas ligg gravlagde her.

Les meir om turen og last ned kart her.


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark
Click to activate
Vinje, Norway
The latitude and longitude
59° 38' 2" N / 7° 48' 3" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad