Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Vinje

Mjonøy - Smørklepp kunstmuseum

Vandring langs kulpar og vakre fossefall frå idylliske Mjonøy til Henrik Sørensens biletgalleri.

Kunst og kultur er varemerket på denne kulturløypa som startar og endar ved Mjonøy i Vinje. Det passar fint, sidan ein då kan fylle magen med god mat frå kafeen på Mjonøy, før eller etter turen.

Turen går i lett skogsterreng langs elva. Vakre fossefall og eit canyonliknande landskap kallar fram fotoapparatet frå sekken. Er veret fint, kan ein lauge seg i Kleivastøylhylen.

Oppe på toppen av løypa inne i skogen openbarar Smørklepp kunstmuseum seg. Biletkunstnarane Henrik Sørensen og Harald Kihle budde og arbeidde ei tid saman i Smørklepp. Galleriet har ei stor samling av bileta deira, som er viser stemningsfulle naturskildringar og folkeliv frå Telemark.

Aktivitetar ved Mjonøy - Smørklepp kunstmuseum

Mjonøy. Utgangspunktet for turen. Her kan du sove rimeleg og godt i gamle loft og bur, eller legge på prisen og sove i høgstandardhytter. Bakeri, utstillingar og utsal om sommaren.

Smørklepp kunstmuseum. Biletmålaren Henrik Sørensen hadde 40 av sine somrar på Smørklepp i Vinje. Verka hans, og kunstnarvenen Harald Kihle, ser du i biletgalleriet, som ligg gøymt inne i skogen.

Vinjestoga. Barndomsheimen til Olav Aasmundson Vinje.

 

Last updated: 01/02/2024

Source: Vest Telemark

Mjonøy - Smørklepp kunstmuseum

Sider du nylig har besøkt