Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sognefjorden Luster

Mollandsmarki rundt

  • Mollandsmarka, Luster
  • +47 57671400
  •  /  km From You
Overview

Fin og lett rundtur som går gjennom flott natur og kulturlandskap. Langs ruta vil du få utsikt både over Lustrafjorden og Urnes, Hafslo og Hafslovatnet. Rundturen er merka med raude punkt.

Rundturen startar frå parkeringsplassen ved Krossen på Mollandsmarki.  Følg merkinga sørover.

Til venstre ser du utover Batatjørni som er ein fin fuglebiotop. Ved Mollandstølen skal du halde til høgre tvers over det opne stølsgjerdet. Stien går litt i motbakke her.

Vegen til venstre fører ned til garden Molland. Stien går på oversida av steingjerdet som skil mellom inn- og utmark. Den går innom Råumstølen, på oversida av utgarden av Siestølen og vidare på nedsida av garden Resaland der du kjem inn på bilvegen. Følg bilvegen eit lite stykke.

Ta av til høgre på ein traktorveg like etter at du har passert garden Vetleskog. Traktorvegen passerer Kjosstølen, går ned Kjoskleivane og møter bilvegen ved garden Kjos. Gå bilvegen til du kjem til riksvegen ved Hillestad.


Frå Hillestad går du opp gjennom byggjefeltet Solbakken. Ein traktorveg svingar av til venstre gjennom eit beiteområde der du har den idylliske Ildre-tjørna på høgre hand. Frå Hillestadstølen går du bilvegen attende til Krossen.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Facts

Duration
4 timer
Click to activate
Luster, Norway
The latitude and longitude
61° 19' 56" N / 7° 16' 52" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad