Ålesund

Monument over Englandsfarten

  • Monument over Englandsfarten
  • Monument over Englandsfarten
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 70309800

  • Skateflua

    Ålesund, Møre og Romsdal

    Vis i kart

På Skateflua i Ålesund står monumentet "Englandsfarten", til minne om dei som mista livet under flukta over Nordsjøen under 2. verdenskrig.

Englandsfarten og Shetlandsgjengen

320 personar mista livet i Englandsfarten. Monumentet over dei falne står på Skateflua i Ålesund og vart avduka 8. mai 1995 av H. K. H. Kronprins Haakon, til 50-års jubileet for krigens slutt. Monumentet er laga av Olav Stavseng.

Under andre verdskrig flykta over 3300 nordmenn frå nazistane via Englandsfarten – ei farefull ferd over Nordsjøen, først med fiskeskøyter, seinare med amerikanskbygde ubåtjagarar frå 1943. Rundt 300 båtar var involvert, og mange liv gjekk tapt: 16 båtar forliste, 137 personar drukna, og fleire vart fanga, henretta eller døydde i fangenskap. Totalt kosta Englandsfarten over 320 nordmenn livet.

Shetlandsgjengen var ei norsk marineavdeling som opererte i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland. Dei frakta etterretningsfolk, soldatar frå Kompani Linge, flyktningar og forsyningar. I tillegg gjennomførte dei sabotasjeaksjonar og minesprenging i norske farvatn.

Avdelinga samarbeidde tett med britiske SIS og SOE og fekk etter kvart tre amerikanske ubåtjagere – «Hitra», «Hessa» og «Vigra» – som frå hausten 1943 gjennomførte over 200 tokt til norskekysten. Desse tre fartøya gjekk aldri tapt, i motsetnad til mange av dei tidlegare bruka skøytene.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre